Dagens dikt

Dagens dikt skreiv eg i norsktima på skulen i dag, saman med min gode ven Ola. Det er difor det er så bra.

Hjarterknekt ligg på botnen av dunken
Han kjenner seg noko molefonken
No kjem Erik frå Renovasjonsetaten
Han køyrer bort dunken med pålegg frå Staten
Vegen mot fyllinga er lang og bratt
Med eitt vert dekket til søppelbilen flatt

Ein punktert søppelbil er som ei kake
Og denne kaka har for mykje krem
Vegen tilbake er stengd av ei stake
No har hjarterknekt eit problem
Bilen køyrer som solskin i natta
Hjarterknekt vert liggjande att

Tida kom, tida gjekk
Ho fortalde historier frå barndommen
Vegen var no ein framandkar
Han tok staka i handa og vandra inn i solnedgangen
Hjarterknekt var atter åleine
Einsemda klypte ham i nasen

Kommenter og fortel meg kor fantastisk godt skrive dette diktet er.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s