Musikk og slikt

De har kanskje fått auge på den nye fana på toppen av sida, den kor det står «1001 album». Der har eg ganske enkelt teke utgangspunkt i oppslagsverket «1001 album du må høre før du dør» og skrive opp alle albuma eg har høyrd som òg er nemnde i boka, fordi eg tykte det var ein fin måte å imponere med min overlegne musikksmak. Neida. Det er vel meir det at fordi musikk har ein så viktig plass i livet til mange, er det ein viktig identitetsmarkør og eit greitt utgangspunkt for vidare samtale. Om de har tatt ein kikk på albuma eg har høyrd skjønner de at eg ikkje høyrar særs mykje på dance eller trance og slipp dermed å leva på ein løgn. Ikke at eg eigentleg trur det allereie var noko stort problem.

Årsaka er meir det at eg keia meg og fekk lyst til å laga ein oversikt så eg slipp å slå opp i oppslagsverket stadig vekk. Samstundes så eg ikkje nokon grunn til å ikkje gjera lista offentleg, og om de ikkje kjem til meg og klagar på det med nokre gode og relevante argument kjem sida til verte ståande.

I andre nyhende: Det er sommar! Ver glade og et iskrem!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s