Stig melder film

På mandag såg eg filmen Clash of the Titans i høve bursdagen til Mikkel. Den var ikkje bra. For det første handla den ikkje det minste om fine ting som kaninar, men det er ikkje det eg ser på som det største problemet. Meir irriterande var det at dialogen ikkje var interessant, men berre var ein orsaking for å koma seg vidare i handlinga. Eg tykte meir enn ein gong at det var vel lagleg at nokon i reisefølgjet alltid visste kva dei skulle gjera. Og så gjorde dei det. Dessuten var alle scenane med slåstkampar klippa alt for fort, slik at dei vart hakkut. 24 bilete i sekundet er ikkje alltid nok, og det har dei ikkje teke omsyn til.

Heldigvis drog vi i Mikkels selskap snart til Operaen i Oslo, kor me laga våre eigne filmar, som mellom anna handla om å kasta hattar utfor kanten av taket. Dei vart særs gode, og me ventar å vinna eit par Academy Awards for dei.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s