Fleire løgnar

Eg har tidlegare gjort det klårt at statistikk er ein særskild utspekulert form for løgn. Det vil ikkje seia at ein ikkje kan gjera god nytte av han. Til dømes kan eg, frå kontrollpanelet mitt, syna forskjellig statistikk om bloggen min, som talet på vitjarar og kva innlegg som er mest populære. Ein av tinga som er morosamast å ha oversikt over er det som på statistikksida har den kledelege tittelen Søkemotor ord (WordPress har noko å læra om sam- og særskriving) og fortel meg kva for merkelege ting folk søkjer på – og finn fram til bloggen min med. Eg skjøner ikkje heilt kvifor bloggen min dukkar opp når folk søkjer på «marshmallow wikipedia norge», og heller ikkje kvifor dei ikkje heller først går til norsk Wikipedia og søkjer på «marshmallow» der.

Så var det nytta ein kunne ha av statistikken. Dei tre søkjestrengane som ligg øverst på lista er nemlig «freia påskeegg», «poteter» og «haggis», som kan leda ein til å tru at dette hovudsakleg er ein matblogg. Sjølv om det i utgangspunktet ikkje var meininga, ser eg inga grunn til at den ikkje kan verta det. Mitt mål er no kanskje å tilby den beste informasjonen om sjokoladeegg, potetar og haggis i Norge, men det er ikkje eit løfte. Sannsynligvis (statistisk sett?) vil det ikkje skje.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s