Sommartid er sprøyt og tøv

Natt til søndag er det no tid for å stilla klokka si attende til normaltid. Og det bør de gjera, om ikkje anna fordi det er ein ulempe å liggja ein time framfor resten av landet. Det gjev sikkert hipsterkred, om ikkje anna. Men hipstarar er notorisk upraktiske av seg.

Lat oss likevel fokusere på alt som er dumt og teit med sommartid. For det første er det stressande å forskyva døgnrytma si to gongar i året. Den eine tima søvn ein mistar om våren kan til og med føra til fleire hjarteinfarkt. Og det er ikkje bra.

Ein annen ting er at verda er ganske knytt saman etter kvart, med Internett og kva som verre er. Av og til er det nødvendig å planleggja møte mellom folk på forskjellige kantar av jorda, det vera seg med videokonferanse, chat eller liknande. Sommartid sikrar at i laupet av nokre veker er heile verda på styr med forskjellige tider. Mange land har ikkje sommartid i det heile, Europa og USA stiller klokka på ulike tidspunkt, og Australia stiller den andre vegen ettersom dei har sommaren om vinteren. Kaos!

Spørsmålet er så klart: Om me skulle avskaffa sommartida, burde me verta verande i normaltida eller sommartida? Det er eit spørsmål om dagslys er meir ønskeleg om morgonen eller om ettermiddagen. Dagane om sommaren er såpass lange her på desse breddegradar at med kan få både i pose og sekk, men om vinteren treng me gjera eit val. Lys om morgonen gjer det lettare å vakne, men det er småkjipt at det vert myrkt så tidleg om ettermiddagen. Eg trur mange vil foretrekke å ha lyset om ettermiddagen.

Normaltida har imidlertid den elegansen at klokka er 12 når sola står på sitt høgaste, og at midnatt er når sola er på sitt lågaste. I kvart fall langs éin eksakt lengdegrad. Det er ikkje like elegant at det skjer klokka ett om natta. Men normaltida har ikkje lys om ettermiddagen. Heldigvis finnes det ei løysing som held på midnattselegansen. I staden for å justera klokkene våre justerar me tidsplanen. Dagsrevyen vil byrja klokka 18, Nitimen klokka 8. 7-Eleven er open frå 6 til 22, og ølsalet stengjer klokka 19 på kvardager.

Advertisements

7 thoughts on “Sommartid er sprøyt og tøv

    1. Grunnen er vel at sommartid har vorte såpass innarbeidd, mellom anna som eit EU-direktiv (Island har ikkje sommartid). Daglengden varierer såpass mykje her oppe i nord i laupet av året uansett, så om solopp- og nedgangen vert forskyvd ein time eller ikkje burde ikkje ha noko særleg å seia. Trur du sommartid hadde vorte innførd i dag om det var eit nytt forslag?

  1. Jeg synes vi skal kvitte oss helt med tida, jeg. Men det blir kanskje litt vanskelig og slitsomt å få til, og litt upraktisk også egentlig. Når det gjelder sommertid og klokkestilling så synes jeg det er et genialt påfunn, og vi kunne gjerne stilt litt mer enn én time. Jeg hadde foretrukket å hatt det mørkt hele døgnet, men det er jo litt vanskelig å få til bare ved å stille klokka. Det beste man får ut av det er å ha det lyst om natta, så etter min mening kan vi godt utvide klokkestillinga til 12 timer.

    Eller noe sånt. Jeg skjønte det ikke helt selv.

      1. Dei stadene klokkeslettet er aller minst viktig må jo vera Nord- og Sørpolen. Der har ein eitt døgn i året.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s