AM nr. 1: Around the World, Daft Punk

God morgon, det er desember og tid for første del av julekalenderen her på bloggen. «AM» i tittelen står sjølvklart for «Adventsmusikk», og det kjem det òg til å gjera dei neste 23 dagane.

Første låt ut er frå den franske houseduoen Daft Punk. Det er sikkert mange som har høyrd han før, men om ikkje kan du venta deg dansbar, noko repetitiv musikk av den elektroniske sorten, fengjande som berre det og med deilige funky lydar. Det lyriske aspektet kvalifiserer nok ikkje til ein Nobelpris, men ein får i det minste med seg tittelen på låten.

Musikkvideoen er interessant. Det er nemlig ein samanheng mellom kva dei tjue dansarene driv med til einkvan augeblink og det som skjer i musikken. Når ein ser kjempane i joggedress gå ned trappa, representerar dei basslinja som går nedover. Robotane går kring heile verda, for dei er røysta som syng «Around the world, around the world». Dei andre dansarane representerar andre lag i miksen. Etter å ha sett musikkvideoen nokre gongar kan ein lukke auga mens ein høyrer musikken og sjølv sjå for seg koreografien i lag med han.

Finn òg adventsmusikken min på Spotify her.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s