AM nr. 3: Coil, Opeth

I går lova eg at dagens sang skulle vera rolegare. Ta godt imot Opeth, eit svensk progressivt deathmetallband. Dette bandet, under leiing av Mikael Åkerfeldt, er i ypperste klasse når det gjeld rolege, melankolske songar med preg av diverse folkemusikk og akustisk gitar. Dei kan òg spela høglytt, growlande deathmetall, men eg har heldt løftet mitt denne gong. Denne songen er roleg og veldig fin, og her er den er til og med spela live på ein stor svensk fjernsynskanal.

Låten er åpningssporet på ei plate, Watershed. I samanhengen på plata går dette rolege, melankolske sporet over i ein særs dissonant akkord og ein låt som er mykje hårdare og meir typisk death metal. «Coil» er flott også utanfor denne samanhengen. Flott gitarspel, god orkestrering og særs gode songarar hjelp så klart.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=ZwJvUbcC79A]
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s