AM nr. 7: Giuoco delle coppie, Béla Bartók

Det er på tide å ta eit steg inn i den klassiske verda. Dette er rett nok ikkje særleg gamal musikk, stykket vart skrive i 1943. Verket heter Konsert for orkester, og «Giuoco delle coppie» er tittelen på den andre satsen. Tittelen tyder noko som «leik i par», og viser til korleis Bartók har skrive for ein del av instrumenta. Ulike melodier kjem inn i instrumenter som fagott, fløyte, klarinett, trompet og obo, men dei kjem alltid i par, som harmoniserar melodien i faste intervall. Det er rett nok ein ganske moderne teknikk, men det er langt frå uvenleg å høyra på, som man kan tru om mykje anna moderne klassisk musikk.

Dei fleste stykke som heiter «konsert» har eit enkelt soloinstrument og éin utøvar i fokus, som til dømes i ein trompetkonsert. I dette stykket er det ikkje berre eitt instrument som er solist, melodien går på rundgang mellom ulike instrument, difor kan det vera ein konsert for eit heilt orkester. Og så må ein ikkje gløyma skarptromma, som er viktig i denne satsen sjølv om ho ikkje er så skarp som ho brukar vera.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=FxyUAmGD2po]
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s