AM nr. 8: Hyperventilate, Frost*

Me er no attende til progressiv musikk, som vi har vore eit par gongar før. Dette er musikk av ganske ny dato, og frontfiguren i bandet, Jem Godfrey, er kjend mellom anna som produsent av popmusikk – til dømes for Atomic Kitten. Nemnde eg at bandet er britisk? Om du ikkje trur dei kan vera britiske, berre sjå på plateomslaget deira i videoen under. Det seier minst like mykje som desse setningane, som no har vorte lengre enn strengt teke var naudsynt.

Musikken skuldar mykje til båe eldre progressiv rock og moderne popmusikk. Strukturen i låten (ikkje akkurat vers-refreng-vers-refreng) og dei mange taktskifta og skeive taktartane minner klart om progband som Genesis, medan sjølve sounden er særs moderne, med ein «vegg av lyd», optimistiske melodiar og leikne synthlydar.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=Ol592sakmZU]
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s