AM nr. 12: Leck mich im Arsch, Wolfgang Amadeus Mozart

Ja, det er den same W. A. Mozart som vert knytta til den elegante wienerklassisismen, og stykka hans spelast av mange tusen musikarar kvar dag. Og om du ikkje kan tysk: tittelen tyder akkurat kva du tenkjer den tyder. «Sleik meg i rumpa», ville det vore på norsk. Av uforklårlege grunner er ikkje dette stykket med i dei fleste historiske framstellingar av Mozart.

Eller kanskje det ikkje er så vanskeleg å forklåra likevel. Musikalsk sett er det ikkje noko nyskapande eller imponerande, men det er ein kanon som kan syngjast av ein gruppe i godt lag. Og kanskje hadde Mozart vener som var glade i å syngja om rumpesleiking. Dette stykket er ein kuriositet, men det er morosamt å vita om det. Neste gong du møter nokon som freistar å vise kor danna dei er ved å fortelja kor glade dei er i Mozart (og du trur dei berre poserer) kan du spørja kva dei tykkjer om Lech mich im Arsch.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=C78HBp-Youk]
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s