Oslo vantar trikkar

Dei siste vekene har det vore problem med fleire av trikkesetta i Oslo, så for tida køyrer det mellom anna buss langsmed trikkeskjenene på Rådhusplassen, og nokre trikker går i skytteltrafikk mellom berre nokre få holdeplassar nær Rikshospitalet. Sjølve skjenene er det ikkje noko gale med, og difor tykkjer eg det er for gale om dei skal verta ståande unytta så lenge det køyrer buss for trikk.

Trikkelinjene i Oslo har standard sporbredde, så det er ikkje noko problem å finna andre ting enn trikkar som kan køyra på dei. Til dømes kunne ein ha sett ut nokre dresinar. Dei fleste har nok sett ein av disse på film, spesielt dei som er drivne av ein stor spake ein trekker opp og ned. Tenk kor morosamt det hadde vore å bruka ein av desse i Oslos gater. Det finst også sykkeldresinar, som har pedalar. Mange vil kanskje synest dei er lettare å bruka? I alle høve vil dresinar på trikkeskjenene verta eit eksotisk innslag i bybiletet, og folk vil kunna verta betre kjende med trikkesystemet, til dømes ved å læra seg å pensa spora. For ikkje å nemna at fysisk aktivitet er kjempesunt.

Railway Handcar USArmyTransMuseum DSCN7467

Me sjåast på ein dresin nær deg.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s