Fordi det er morosamt å læra seg språk

Eg trur eg er over middels språkinteressert. Det trur eg mellom anna fordi eg ikkje har gått inn for å gløyma all spansken eg lærde på ungdomsskulen og videregåande så snart eg fekk dei siste karakterane eg trengde. Tvert imot freistar eg å halda spansken min ved like og endatil verta betre. Eg har ein roman på spansk eg gjerne vil få lese, men eg har ikkje kome lengre enn ein firedel, sjølv om eg byrja å lesa han i 2011. Om eg ikkje har kome så langt hugsar eg i kvart fall opningssetninga rett godt etter kvart:

Era inevitable: el olor de las almendras amargas le recordaba siempre el destino de los amores contrariados.

Eg har ikkje gitt opp, og kjenner at eg vert tryggare på spansken min heile tida. Eg skal nok få lese ferdig boka ein gong.

Uansett, om det er fleire som ønskjer å auka framandspråkkunna si, vil eg råda dykk til å vitja Duolingo. Såframt ein er brukbar i engelsk kan ein for augeblinket læra seg tysk, fransk, portugisisk, spansk eller italiensk. Det er til og med gratis, sidan Duolingo lèt brukarane betala for seg ved å omsetja tekstar frå andre nettsider. Det er ganske imponerande å slå to fluger i éin smekk på den måten, både tilby språkkurs og gjera tekstar på nettet tilgjengelege på fleire språk. Dessutan er sida litt som eit spel, så ein kan konkurrera om å sanka flest poeng. Følg meg om du byrjar å nytta sida! Eg er no i gang med å læra tysk!

Om du ikkje er brukbar i engelsk, kan eg informera om at Duolingo siktar på å utvida kursporteføljen sin, så om ein stund er det mest bænkers at det òg finnast eit kurs for å læra engelsk med norsk som utgangspunkt.

Om du tykkjer dette innlegget var altfor mykje reklame kan eg òg dela noko frå privatlivet mitt no til sist. Eg starta å gro skjegg i byrjinga av denne månaden (grovember), men det klødde så mykje. Eg barberte meg igjen etter berre 12 dagar.

<3leg helsing Stig

Advertisements

3 thoughts on “Fordi det er morosamt å læra seg språk

  1. I skrivande stund ligg eg 14045 Duolingo-poeng bak deg, og det er ikkje så veldig motiverande ettersom konkurranseinstinktet mitt allereie er svakt som internettdekninga i rommet eg sit i. Faktisk endå litt svakare, med tanke på at eg i det heile fekk fram denne sida.

    1. Veit ikkje kva bodskapen med den kommentaren var, men eg skal i alle fall inn på Duolingo (så snart eg har tilstrekkeleg internettkapasitet, sukk) og gjere nok eit tappert forsøk på leksjonen (eg liker å kalle det «banen») eg ga opp etter å ha tapt på siste spørsmål.

      1. Du følgjer jo andre som ikkje har like stort forsprang, som du kan prøva å slå. Dessutan kan det vera lettare å ta igjen nokon på vekesbasis sjølv om dei ligg langt foran totalt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s