Om å dansa edru

Her om dagen var eg på sykkeltur rundt Maridalsvatnet i Oslo saman med eit par venar. Ved nordenden av vatnet står det nokre ruiner av ei gamal kyrkje, og der valde me å ta ein pause og eta nokre kjeks. Det sto òg eit skilt ved ruinane som fortalde om historia til kyrkja, men me beit oss merke i eit trestykke som var limt på skiltet hvor det var gravert inn noko på latin: Nemo enim fere saltat sobrius, nisi forte insanit. Ingen av oss kunne omsetja dette, men eg tok eit bilete så eg kunne slå det opp når eg kom heim.

Skilt ved ruinane av Margaretakyrkja
Skilt ved ruinane av Margaretakyrkja

På biletet ser ein forresten òg ein plastkopp som ligg på bakken. Eg kan forsikra om at det ikkje var nokon av oss tre som kasta han frå oss der, men så tok me heller ikkje ansvar og rydda han opp igjen. Eg tek kritikk på det punktet.

Det var ikkje vanskeleg å finna tydinga av teksten på nettet, for dette var visst eit sitat av Cicero, ein av dei meir kjende gamle romarane. Teksten tyder at «Ingen som ikkje er fullstendig galen dansar edru». Det første eg spør meg er kvifor denne teksten er sett på akkurat her. Så vidt eg kan sjå er det ikkje noko samband mellom desse kyrkjeruinane og dansing – korkje i edru eller rusa tilstand. Og er det Friluftsetaten som har sett på trestykket, eller ein spøkefugl som tykte det ville vera morosamt å lima fast eit tilfeldig sitat på latin her?

Når det gjeld innhaldet i sjølve teksten må eg berre seia meg usamd. Eg er ikkje nokon stor dansar sjølv, men når eg først dansar (alltid i edru tilstand, så klart) føler eg ikkje at det gjer meg galen. Nokre vil sikkert vera usamde i at eg ikkje er galen, men eg kan peika på mange andre som dansar edru, og ingen kan seia at dei alle er galne. Eg vil òg meina at det i mange tilfelle vil vera meir galent å dansa rusa. Det kan ikkje vera ein god idé å ha open bar backstage på nasjonalballetten, til dømes.

Så ein liten oppsummering: Cicero er ein dust, edru dansing is the shit.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s